Røde Kors i møte med statsministeren
Frivillig i Røde Kors, Sigurd Strand, frå Olden Raude Kross møtte statsminister Jens Stoltenberg i ettermiddag på eit møte i Statens hus på Leikanger. Dette skriver Norges Røde Kor på sine internettsider 6. januar 2012.
Statsministeren møtte representantar for berørte kommunar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I tillegg deltok fylkesmennene, fylkesordførarane, DSB, NVE, Post- og teletilsynet og Helsedirektoratet og Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane. Møte drøfta betring av beredskapen, basert på hendingane i samband med uveret Dagmar.
Samhandling krev samband
Mangel på samband var det som flest peika på som vanskeleg i samband med krisearbeidet. - For Stryn kommune var det hjelpekorpsa i Stryn, som via sitt radiosamband drifta sambandet i heile kommunen, sa Sigurd Strand.
Manglar ein fullverdig momskompensasjon
Sigurd Strand tok opp med statsministaren viktigheita av momskompensasjonen for dei frivillige organisasjonane. Skal Røde Kors vere ein støtteaktøren for dei lokale styresmaktene, må Røde Kors ha dei resursane som kravs i ein krisesituasjon. Røde Kors er ein stor kjøpar av sambandsradioar og -utstyr, aggregat og transportutstyr. Ein fullverdig kompensasjon for MVA ville letta byrden for Røde Kors og auka den lokale beredskapen.
Vidare stilte Strand spørsmål om Røde Kors ville få tilgang til det framtidige naudsambandet.
Røde Kors ein støtteaktør
Røde Kors i Stryn vart ein viktig del av Stryn kommune sitt krisearbeid etter Dagmar. – Røde Kors var den resursen kommunen kunne støtte seg til, sa Sven Flo, ordfører i Stryn . Flo la vekt på at i krisearbeidet er det viktig å ha ein kommandostruktur, eit samband, resursar og mannskap. Dette hadde hjelpekorpsa i Stryn.
Generalsekretær i Røde Kors i Noreg, Åsne Havnelid, synes det er bra at stadig fleire kommunar no arbeider tett saman med Røde Kors sine lokalforeiningar. – Mange kommunar har gode beredskapsplanar og er budde på å takle uvær. I Stryn såg vi korleis det lokale Røde Kors kan bidra i ekstreme situasjonar, seier Havnelid og understrekar at det vert lagt stor vekt på rolledelinga med andre aktørar. – Eit godt samspel og avklaring av ansvar i forkant av store hendingar er heilt avgjerande, seier ho.
- Eg er veldig imponert over dei frivillige som midt i julefeiringa hjelpte andre, seier Åsne Havnelid. – Det er dei frivillige som har lokal kunnskap og som veit kor behovet er størst, dei har tilgong på materiell umiddelbart og dei er trena i beredskapssituasjonar, seier ho.
Beredskapsvakter
Røde Kors rekrutterar beredskapsvakter. Uværet Dagmar har tydeleg vist behovet for å ha tilgong til ressursar når uførutsette hendingar skjer der du bor.
